Kontakt oss

Trafikant i mørket

08.08.2023

Skal du delta på trafikant i mørket? Her er finn du informasjon om kurset, og nokon tips for kvelden.

Informasjon om kurset:

Trafikant i mørket er del 7 av Trafikalt Grunnkurs, som blir den siste delen av kurset. For å kunne lærekøyre i perioden 1. november – 15. mars må du ha gjennomført del 7. Trafikant i mørket er på tre undervisningstimar, det vil sei 3X45 min. Desse tre undervisningstimane er fordelt i tre delar:

  • Eleven skal delta i demonstrasjonar ute på område med lite eller ingen trafikk.
  • Eleven skal vere passasjar i ein bil som trafikklæraren køyrer.
  • Eleven skal reflektere over og drøfte erfaringar med andre elevar og lærar i eit klasserom.

Hensikta med kurset er at du skal bli kjent med lys på bilen og korleis ein brukar dei ved køyring, parkering og nødssituasjonar i mørket. I tillegg blir det gjeve ein innføring i risikovurdering og vanlige årsaker til ulykker i mørket. Dette vil bli gjennomført som ein demonstrasjon saman med instruksjonar frå lærar.

Måla for kvelden er:

  • Eleven skal oppleve og erfare årsaksforhold ved typiske ulykker som skjer i mørket og ha grunnlag for å vurdere risiko ved køyring i mørket.
  • Eleven skal drøfte korleis vi som trafikantar kan opptre for å redusere risikoen ved ferdsel i mørket.
  • Eleven skal drøfte kva som er riktig lysbruk og atferd ellers ved køyring, parkering og nødstopp i mørket.

Ta med dykk gode klede. Trafikant i mørket blir helde på vinterhalvåret, og som oftast er det kaldt ute. Skal vi bli ståande ute er det fort å fryse.

Lurt å passe på før du skal ut å køyre i mørket:

  • Sjekk at lys på bilen fungerar som dei skal, både framme og bak.
  • Sjekk at både varseltrekant og refleksvestar er på plass i bilen. Refleksvesten skal liggje innanfor førarsetets rekkjevidde.
  • Reingjer lykter når du har mulighet til det. Er glasa skitne vil lysa blir mykje dårligare.
  • Pass på at både front- og bakrute er reingjere, og at sikta er god.
  • Lær reglane for bruk av nærlys, fjernlys og kurvelys. Les også om konsekvensane av feil bruk av lys.
  • Hugs å sette på parkeringslys ved stans eller parkering.