Skal du ta førarkort, eller har du ein ungdom i hus som drøymer om å begynne å øvingskøyre? Då er Trafikalt grunnkurs (TGK) det aller første – og heilt nødvendige – steget på vegen mot førarkortet.
Kvifor må ein ta Trafikalt grunnkurs?
Trafikalt grunnkurs er obligatorisk for alle som vil øvingskøyre. Kurset er laga for å gi grunnleggande forståing for trafikk, risiko og ansvar, før ein set seg bak rattet – anten privat eller hjå trafikkskule. Trafikalt grunnkurs er obligatorisk før øvingskøyring i alle lette klassar.
Målet med kurset er å:
- Auke trafikksikkerheita
- Gi forståing for risiko i trafikken
- Skape gode haldningar og ansvarlege trafikantar
- Lære grunnleggande lover og reglar
Med andre ord: TGK handlar ikkje berre om bil, men om haldningsskapande arbeid og trafikksikkerheit.
👉 Utan trafikalt grunnkurs har du ikkje lov å øvingskøyre.
Kven må ta kurset – og kven slepp?
✅ Obligatorisk for alle under 25 år
✅ Må vere gjennomført før øvingskøyring
🚫 Dei som er over 25 år slepp deler av kurset, men må framleis ta førstehjelp og trafikant i mørket
For å delta på Trafikalt grunnkurs må ein vere fylt 15 år ved kursstart.
Kurset er over 4 kveldar i vårt tilrettelagde klasserom i lag med faglært trafikklærar.
⚠️ Oppmøte er obligatorisk – du må vere til stades på alle timane for å få bestått.
Trafikant i mørket er ein del av trinn 1 (trafikalt grunnkurs) men er sett opp som eit eige kurs (1 kveld) i løpet av mørketida (01. nov – 15.mars). Tek du TGK i perioden 15.03 -01.11 kan du berre øvingskøyre i denne perioden og ta Trafikant i mørket i ettertid.
Når kurset er fullført, blir det registrert digitalt, og du kan begynne å øvingskøyre lovleg.
Meld deg på Trafikalt grunnkurs i dag
Er du klar for å starte reisa mot førarkortet? Trafikalt grunnkurs er første steget – og eit viktig steg mot å bli ein trygg og ansvarleg trafikant.
📞 Ta kontakt med oss for påmelding eller meir informasjon om Trafikalt grunnkurs, kursdatoar og vidare opplæring. Ledige kurs finn du også i vår bookingkalendar.
https://fossedaltrafikkskule.no/bookingkalender/
🚗 Vi hjelper deg trygt og sikkert i gang!