Tips til privat lærekjøring

08.08.2023
Kva treng du for å kunne lærekjøre privat?
Eleven må:
- Vere fylt 16 år.
- Ha fullført trafikalt grunnkurs. Bevis for dette skal vere med i bilen, også legitimasjon.
Ledsager må:
- Vere fylt 25 år.
- Hatt lappen på bil samanhengande dei siste 5 åra.
- (Ledsager anses som førar av bilen).
Bilen må:
- Vere utstyrt med ein synleg raud L bakpå.
- Ha eit ekstra speil til ledsager.
- (Det er ikkje lenger krav om handbrekk i midten).
Kvifor lærekjøre privat?
Ein god sjåfør er ein erfaren sjåfør. Difor er det viktig å skaffe seg so mykje erfaring som mogeleg. Det gjer du gjennom mengdetrening.
La ein trafikkskule starte opplæringa før ein begynner den private lærekøyringa. Trafikkskulen vil stå for nyinnlæring. Medan heime skaffer du deg erfaring gjennom mengdetrening. Øv på det du har gjennomgått hos trafikkskulen.
Automatgir?
Stadig fleire ønsker å ta lappen på automatgir. Det er fleire grunnar til dette.
Bilar i dag produserast nesten ekslusivt med automatgir. Det er også lettare, når ein slepp å fokusere like mykje på å handtere bilen teknisk.
Vel ein å ta lappen på automatgir har ein ikkje lov til å køyre manuellgir seinare.
Færre og færre har bil med manuellgir tilgjengelig for privat lærekøyring. Med automatgir har ein likevel gode muligheiter for å øve på fartstilpasning, bremsing og trafikal samhandling.
- Sett mål
Meistringsfølelse og motivasjon er nøkkelpunkt for ei kjekk opplæring. Det er difor lurt å sette seg realistiske mål for køyringa. Måla bør vere oppnåelege, men samtidig utfordrande nok til å gi meistringsfølelse. Du og ledsagar bør bli einige om ei eller fleire oppgåver som skal vere i fokus under køyreturen.
Har du begynt hos ein trafikkskule, bør du fokusere på øvingane du har vert gjennom der.
Døme på øvingar kan vere, sving til høgre og venstre i vegkryss, val av riktig gir i forhold til fart, rygging og parkering.
- Stress ned
Køyreprosessen blir brukt i alle trafikksituasjonar. Den består av fire element, Sanse – Oppfatte – Avgjere – Handle. Den er bakgrunn for alle val vi tar i trafikken.
Som uerfaren sjåfør er ikkje denne prosessen automatisert. Det er difor lett å bli stressa i trafikksituasjonar. Reduser farten og ta deg god tid. På den måten reduserar du stressnivået.
- Riktig øvingsområde
Velg øvingsområde ut ifrå mål og ferdigheit. Tidleg i opplæringa bør ein køyre på lite trafikert og rolig område. Etter kvart som du kjem lenger i opplæringa, kan man velje meir utfordrande køyremiljø.
Rett val av øvingsområde, gir arbeidsro og betre læringsutbytte.
- Ta pauser
Ein uerfaren sjåfør blir raskare sliten. Dette gir ikkje eit godt læringsutbytte. Difor er det viktig med pausar.
Ein vil få best læringsutbytte av å lærekøyre ofte, med korte økter. På den måten hugsar ein betre, og ein klarar å oppretthalde fokus.
- Ha ein samtale
Opplev ein noko nytt og uventa under køyringa? Ha ein samtale om hendinga i etterkant. Kva skjedde? Kvifor skjeddet det? Og eventuelt diskuter, kva ein kunne gjort annleis?