Nei, men vi kan tilby teorikurs over nett. (learn)
Kvaliteten på opplæringa blir betydeleg betre om den går over lengre tid. Om du ikkje kan starte tidleg må du nok rekne minst 6 månader frå første køyretime til du har førarkort.
Du kan ta teoriprøva tidlegast 6 månader før du fyller minstealderen for førarkortet du skal ta. Det vil sei at du til dømes kan ta teoriprøva for bil når du er 17 år og 6 månader.
Det har ikkje noko å seie kor langt du er komen i opplæringa elles, men du bør tenke over at det kan vere noko ventetid på oppkøyring, slik at det kan vere lurt å ta teoriprøven tidleg.
Vår erfaring er at dei som tek teori tidleg treng færre køyretimar.
Hugs at du må søke om førarkort først.
Oppkøyringa kan bestillast når teoriprøva er bestått.
Du må også ha kome så langt i opplæringa at du er på eit godt nok nivå før du køyrer opp.
Vi føretrekk at vi bestiller oppkøyring til deg slik at vi er sikre på at vi har ledig lærar og køyretøy. For at vi skal kunne bestille må du gje oss ei fullmakt.
Dette gjerast på vegvesen.no/dinside/.
For deg som skal ta førarkort på hengar held det at du gir oss fullmakt (og søker om utviding av førarkort)
Ja, du må ha fullført trafikalt grunnkurs og fått kursbevis før du kan byrje lærekøyring.
Dette gjeld anten du vil lærekøyre heime eller om du tar køyretimar på ein trafikkskule.
Om du er over 25 år treng du ikkje trafikalt grunnkurs før du byrjar å køyre, men må gjennomføre delar av trafikalt grunnkurs før du tar oppkøyringa.
Har du førarkort frå før slepp du trafikalt grunnkurs.
Dette er vanskeleg å svare på då det er varierande kor mange køyretimar kvar enkelt treng for å bli ein god og trygg sjåfør.
Vi hjelp deg til å få ein så effektiv opplæring som mogleg.
Startar du opplæringa tidleg er det lettare å få ein god kombinasjon mellom trening heime og på trafikkskulen.
Ledsagerkursa vi held vil òg hjelpe til å gjere treninga heime betre og såleis redusere mengda køyretimar.
Ja, sjølvsagt. Gje kontoret beskjed så hjelper vi deg.
Hugs at ikkje alle lærarar køyrer alle klassar, og det kan òg variere kor lang ventetid den enkelte lærar har.
Ja, du har lov til det same når du lærekøyrer som når du har førarkort.
I byrjinga kan det vere lurt å berre vere deg og rettleiar så det ikkje blir for mange forstyrrande element.
Nei. I Sverige treng ledsager eit eige kurs, medan i Danmark er privat lærekøyring ikkje lov.
Fossedal Trafikkskule gir deg tilrettelagt føraropplæring. Hos oss er eleven alltid i fokus, og kvalitet på opplæringa kjem først.
Bestill din køyretime i dag, eller ta gjerne kontakt med oss hvis du har spørsmål.
Bestill din køyretime i dag!
(+47) 904 98 700
Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle cookies
Vi bruker tjenester fra Google (f.eks. Analytics, Fonts og Site Kit) for å analysere trafikk og forbedre opplevelsen på nettsiden. Google kan dermed motta og behandle informasjon om ditt besøk. Du kan lese mer om hvordan Google håndterer personvern og data på sine tjenester her.
| Navn | Type | Varighet | Beskrivelse |
|---|---|---|---|
| cookienotice_cookie | Nødvendig | 1 måned | Lagrer brukerens samtykkevalg for cookies. |
| _ga | Statistikk (Google Analytics) | 2 år | Brukes for å skille brukere i Google Analytics. |
| _fbp | Markedsføring (Facebook) | 3 måneder | Brukes av Facebook til å levere annonsering. |
| _gat | Statistikk | 1 minutt | Begrenser forespørsler til Google Analytics. |
Du har rett til å be om innsyn i de personopplysningene vi behandler om deg og hvordan de behandles. Du kan også be om korreksjon, sletting og begrensninger i behandlingen av personopplysninger i henhold til personopplysningsloven.
Hvis du mener at vi ikke overholder dine rettigheter i henhold til personopplysningsloven, har du rett til å klage til Datatilsynet. Les mer om dine rettigheter hos Datatilsynet.