Fossedal
Trafikkskule
Kontakt oss

Korleis gjere vegen til lappen lettare.

08.08.2023
  • Involver dei heime.

Dersom ein skal bli god i noko, må ein øve mykje. For å få ei effektiv opplæring er det viktig å ha eit godt samarbeid mellom den ein skal lærekøyre med privat og trafikklæraren. Dette vil gi god mengdetrening og meir erfaring på vegen. Ein god sjåfør er ein erfaren sjåfør.

  • Delta på teorikurs

Vi har alle ulik føresetnad for å lære. Nokon lærer fort, andre treng meir tid. Difor opplev fleire teoriprøva krevande. Ved å møte på toerikurs, kan ein få betre utbytte enn om ein les teori på eigenhand. Gjennom eit teorikurs kan ein stille spørsmål og saman diskutere. Dette kan gjere teorien lettare forståelig.

  • Møt opplagd og klar til å lære

Å møte trøtt og svolten til køyretimen, er ikkje eit godt utgangspunkt for læring. Kroppen er skapt slik at den aller først ønskjer å dekke grunnleggjande behov. Dersom dei ikkje er dekt, er det vanskeleg å fokusere på noko anna. Å kjøre bil skal vere gøy! Møt med godt humør og ei god innstilling.