Ting du sjølv kan gjere for å vedlikehalde bilen

08.08.2023
- Vask bilen
Ein jamleg bilvask beskytter mot rust. Maskinvask er betre enn ingen vask, men ingenting slår ein god gamaldags handvask. Etter vinteren er det viktig å få vekk saltet som har lagt seg på bilen. Viktig å få godt spylt under bilen, bremsa og andre krokar det kan leggje seg salt og støv.
- Jamleg oljeskift
Det bør regelmessig sjekkast oljenivå på bilar med forbernningsmotor. Følg du serviceintervallar skal bilen halde seg bra. Men den blir veldig glad for eit årlig oljeskift.
- Brems kraftig
Bremseskiva kan raskt ruste når ho brukast for lite. Rust kan redusere bremseeffekt og skape ulydar. Det er derfor lurt å bremse aktivt med jamne mellomrom. Ver obs på at du ikkje er til fare for andre når du bremsar.